For berre nokre år sidan var Norsk kylling, ifølge Dyrevernalliansen, ein versting på dyrevelferd. No blir dei derimot kalla ein føregangsbedrift.
Administrerande direktør i Norsk kylling, Hilde Talseth, oppfordrar til samarbeid mellom næringane.
– Det er frustrerande at ein i blå sektor jobbar med mange av dei same prosjekta, men vi snakkar for lite saman, sa ho på Aqkva-konferansen i Bergen i januar.
Korleis ho vil samarbeide, kjem vi tilbake til etter kvart. Men først litt meir om kyllingindustrien.
For kyllingproduksjon kan ikkje seiast å ha vore kjent for å ha den beste dyrevelferda.