I eit internt møte under årsmøtet til Sjømat Norge nyleg, blei det fortalt at organisasjonen har gjort ei ny måling på omdømmet til havbruk, og at dei her ser eit fall.

Dette har Intrafish fått bekrefta på e-post frå Sjømat Norges kommunikasjonssjef, Øyvind André Haram.

– Ja, eg kan stadfeste at det er eit fall i siste målinga vi har tatt på havbruk, skriv han, og held fram:

– Det er heller ikkje overraskande med tanke på dei mange negative oppslaga som har vore i pressen den siste tida.