Generasjonsskifte i Inka: – Eg skal ikkje gi meg heilt

– Det er ikkje den lettaste tida, men ein lærer av motstand òg.

Karsten «Kakki» Austevoll og borna føre fabrikkbygningen til Inka AS. Frå venstre: Alfhild, Knut Jørgen, Kari Marie, Linda og "Kakki" sjølv.
Karsten «Kakki» Austevoll og borna føre fabrikkbygningen til Inka AS. Frå venstre: Alfhild, Knut Jørgen, Kari Marie, Linda og "Kakki" sjølv.Arkivfoto: Ketil Svendsen

– Dette er generasjonsskiftet eg har snakka om før. Den mellomste jenta er blitt dagleg leiar.

Det seier Karsten «Kakki» Austevoll på spørsmål om meldinga i føretaksregisteret om at Kari Marie Austevoll Lyssand (40) har teke over som dagleg leiar i foredlingsbedrifta Inka på Os.

– Dette har vore planlagt og er heilt naturleg. Ho har vore hjå oss i mange år og opparbeidd seg den kompetansen som trengs, seier Karsten Austevoll.