Nina Møgster er tilsett i ny sjefsstilling
Nina Møgster seier ho blei kontakta av fleire potensielle arbeidsgjevarar etter ho sa opp i Lerøy Sjøtroll ved årsskiftet.
Nina Møgster er tilsett som ny dagleg leiar i Lingalaks i Kvam, skriv selskapet i ei pressemelding. Møgster er fiskerikandidat frå Norges Fiskerihøgskule i Tromsø og MBA frå Norges Handelshøskule i Bergen. Ho kjem frå jobben som dagleg leiar i Lerøy Sjøtroll og byrar i Lingalaks 1. august.
– I tida etter at eg slutta i Lerøy Sjøtroll har eg vore så heldig å verta kontakta av fleire potensielle arbeidsgjevarar. Etter å ha møtt menneska i Lingalaks, sett meg inn i korleis dei driv, og alt det spennande som føregår i Lingalaks og eigarkonsernet, var valet til slutt enkelt når dei gav meg tilbod om jobb, uttalar Møgster i pressemeldinga.
– Å få høve til å vera med å vidareføra og utvikla det imponerande arbeidet dei tilsette i Lingalaks gjer på fiskevelferd, biologi, innovasjon og utvikling er eit privilegium. Berekraft ligg til grunn for alt dei gjer, kombinert med høg verdiskaping og tungt engasjement for lokalsamfunnet dei er ein del av, uttalar Møgster.
– Nærmar seg investeringsbeslutning
Lingalaks har ti konsesjonar og hadde ein totalproduksjon på vel 14 000 tonn laks i 2022. Omsetnaden var på vel éin milliard kroner. Saman med morselskapet eig Lingalaks heilt eller delvis selskap i tilnærma heile verdikjeda for laks; smoltverksemd, rederi og slakteri.
– Å verta ein del av konsernleiinga i eit så breitt engasjert og solid konsern, med korte vegar frå idé, strategi og konkret handling, gler eg meg og veldig til, uttalar Møgster.
Noverande dagleg leiar, og ein av eigarane, i Lingalaks, Erlend Haugarvoll er svært glad for at Møgster overtek roret i verksemda.
– Å få ein kapasitet som Nina som dagleg leiar og del av konsernleiinga er utruleg kjekt. No kan eg trygt heller konsentrera innsatsen inn mot overordna strategi og utvikling av heile konsernet, uttalar Haugarvoll i pressemeldinga.
Haugarvoll, som har doktorgrad på fiskehelse, vonar òg at han kan bruka meir tid på både interne og eksterne fiskevelferds- og miljøprosjekt.
– Me har fleire spennande utviklingsprosjekt på gang i verksemda vår, mellom anna Stadionlaks, ei løysing for lukka anlegg i sjø, som nærmar seg investeringsbeslutning. I tillegg vonar eg å kunna engasjera meg tyngre i prosjekt som «Frå raudt til grønt» og «Reinare, rikare fjord og vassdrag i Hardanger». Begge viktige og prisverdige prosjekt der Havforskingsinstituttet fører an, avsluttar Haugarvoll.
– Usemje med styret
– Nina Møgster har etter eige ynskje valt å fråtre si stilling som dagleg leiar for selskapa Lerøy Vest AS og Sjøtroll Havbruk AS, med bakgrunn i usemje med styret om vegval for selskapa, skreiv Bjarne Reinert, konserndirektør havbruk i Lerøy, i ein SMS til Intrafish.
Møgster ynskte ikkje å kommentera saka.
(Vilkår)