Gjennom tre emisjonar, ein i fjor vinter, ein i fjor sommar og den siste no, er selskapet tilført rundt 16 millionar kroner i ny kapital. Den største emisjonen vart gjort i fjor vinter då Per Reime og Lars Fjell kom inn på eigarsida.

I dei siste to emisjonane er det henta inn rundt 4 millionar kroner, og det er selskapet Westcon Group som har gått inn på eigarsida. Verftet i Ølensvåg i Nord-Rogaland skal mellom anna vere med å utvikle stålkonstruksjonane til Aquafarm sitt utviklingsprosjekt.

-