Produksjon av hermetisert dyrefôr om bord på autolinebåtar, biogass av fiskeavfall, oppdrett i lukka anlegg og avansert enzymteknologi i utvinning av marine peptidar. Dette er tema for nokre av prosjekta som får friske forskingsmidlar, skriv RFF Vestlandet i ei pressemelding. Dei har vedtatt å løyve 25 millionar kroner til ni nye forskingsprosjekt i næringsliv og offentleg sektor.
- Nedgangstider i oljebransjen gir eit stort behov for nyskaping i landsdelen vår, og regjeringa har gitt fondet ei ekstraløyving i år for å bidra til omstilling i nærings- og arbeidslivet på Vestlandet.