Det kjem fram i rapporten «Genetisk resistens hos lakselus: Kartlegging av merdvariasjon i genetisk resistens» som nyleg vart offentleggjort. FHF-prosjektet skulle auke kunnskapen om korleis genetisk resistens i lakselus opptrer på anleggs- og merdnivå før og etter behandling med lakselusmidla azametifos, pyretroider og hydrogenperoksid.
- Ved å bruke gentesting vil 30 lus vere nok til å gje ei god oversikt over resistenssituasjonen på lokaliteten. Ein får meir presis informasjon om kor mottakeleg lusa er for dei ulike stoffa samanlikna med dagens bioessay.