Testforsøk viser at det er mogeleg å bruke slam frå Salmars smoltanlegg og trefiber frå Folla Cell i Follafoss kan brukast som fôr til lavtrofiske organismar som i sin tur kan inngå som proteinkomponentar/ingrediensar i laksefôr.
Hos Sintef Fiskeri og Havbruk er små krepsdyr og børstemark testa for å sjå om dei kan utnytte slammet. Resultata viser at begge dyra et slammet, men analysen var ikkje så eintydige for krepsdyra som for børstemarken.
Bakgrunnen for forsøket er den forventa veksten i norsk sjømatproduksjon og at delen av importerte fôrråvarer er aukande.