Poenget med Bremnesmodellen er å redusere opptaket av laks om høsten og auke opptaket om våren. Ein skal altså produsere for lager om hausten og ta ut av lageret om våren.
Dette vil ha ein positiv effekt for oppdrettsnæringen nasjonalt. Det vil medføre at opptaket av slaktefisk blir meir jevnt fordelt utover året. Dette vil gi betre balanse i markedet enn det vi har i dag. I tillegg vil det medføre at bedrifter som driver med vidareforedling vil få ein enklere tilgang til meir råstoff uten at det går ut over årsproduksjonen.
Bremnesmodellen vil ikkje medføre aukt produksjon av laks. Bremnesmodellen vil ikkje gi meir fleksibilitet i produksjonen. Bremnesmodellen er like rigid som MTB-ordningen som vi har i dag.
Vi ser at ein del blander inn rullerande gjennomsnittleg MTB. Den modellen vil kunne gi aukt produksjon, men det vil altså ikkje Bremnesmodellen.
Vi leser at professor Atle Guttormsen og Jostein Refsnes er kritisk til Bremnesmodellen fordi den ikkje tar omsyn til lokale forhold og forskjeller i sør og nord. Da må vi presisere at modellen ikkje har som formål å optimalisere produksjonen av laks. Formålet er å bli meir markedstilpassa.
Vi vil også få kommentere dei innleggene som har vore prega av bekymring for miljøeffektene av Bremnesmodellen. Modellen vil medføre at det vil vera meir laks i sjøen om vinteren og mindre laks i sjøen om forsommaren. Biomassen vil vera lågare spesielt i perioden april-juli når villaks-smolten skal vandre ut i havet og når hovedtyngden av sjøauren er ut i fjordane på næringsvandring.
Produksjonen vil altså ikkje auke og derfor burde interesseorganisasjonene for villaks vera positiv til modellen og ikkje negativ.
Vi var svært tilfreds med at Fiskeridepartementet varsla om at dei ville innføre Bremnesmodellen og forslaget til MTB-profil tok da også omsyn til formålet med modellen. I utgangspunktet til Fiskeridepartementet skulle MTB i november, desember og januar være 839 tonn som er en økning på 7,5 prosent i forhold til dagens flate MTB-profil. MTB skulle så reduseres til 706 tonn i mai.
Skuffelsen var derfor stor når det endelige vedtaket kom. Profilen er nå endra slik at november er den månaden som har høgast MTB. Dette medfører at ein må slakte enda meir fisk i desember fordi MTB blir redusert og det vil være mindre fisk på lager som kan slaktast på ettervinteren når råstoffmangelen er størst. Skal ein få meir slaktefisk i første halvår, så må MTB vera høgast ved nyttår.
Bremnesmodellen vil altså ikkje medføre produksjonsauke og dermed burde det ikkje være grunnlag for at ein skulle betale for å gå inn på denne produksjonsmodellen. Dersom MTB-fordelinga blir som Fiskeridepartementet nå har vedtatt, tviler vi på om det er selskap som vil betale for å gå inn på ordningen.
Lønnsomheten i vidareforedlingsindustrien er marginal og myndighetene burde heller hjelpe næringen med positive tiltak slik at ein fikk meir vidareforedlingsvirksomhet.
Den modellen som nå ligg på bordet bør ikkje kallast Bremnesmodellen fordi den ikkje gir nok effekt på aukt slakting om ettervinteren slik formålet med Bremnesmodellen er.