Vi byggjer kunnskap om nye sprøytemiddel i fiskefôr kan påverke fiskehelse og mattryggleik. Dei siste 15 åra har vi sett store endringar i kva råstoff som blir brukt i norsk fiskefôr. Denne endringa heng saman med auken i akvakultur og dermed auka fôrproduksjon samtidig som tilgangen av marine ingrediensar har vore relativt stabilt.
Fiskemjøl og fiskeolje blir i denne kronikken omtala som dei «blå» marine fôringrediensane, medan planteråvarer blir omtala som dei «grøne» fôringrediensane. Dersom vi går tilbake i tid og ser på samansetjinga av eit typisk fôr frå tidleg 90-tal, var det omlag 10% «grøne» ingrediensar i fôret.