Laks med tydelege beiteskadar frå lus var synet som møtte Mattilsynet sine inspektørar ved to lokalitetar til Måsøval og Lerøy utanfor Frøya tidlegare i år. Bileta er eigna til å gje ei heil næring eit dårleg rykte, og vil hefte ved oppdrettsnæringa i mange år framover.

«Evig eies kun et dårlig rykte» song Henning Kvitnes i 1997 og gjekk til topps på norske hitlister. Dessverre gjeld tittelen også for norsk oppdrettsnæring, men den fører ikkje laksen til toppen av hitlistene. Eit dårleg rykte er noko næringa ufortent har slitt med lenge, og som mange er opptekne av å rette på.