Det er Hardangerfjordlauget, der konsulent Even Søfteland i CapMare er sekretær, som er oppdragsgjevar for rapporten. Oppdrettarane i Hardangerfjordlauget har vidareført overvakinga etter at Havforskningsinstituttet valte å utelate den frå den nasjonale lakselusovervakinga.

- Rapporten er interessant på mange måtar. For det første er dette den undersøkinga som har gått lengst på Vestlandet i tid. Det er interessant og gjev nokre føringar etter mi meining. Og det er ein rapport som viser at situasjonen er blitt mykje betre enn det han var i snitt tidlegare.