Ein unik skribent har gått bort. Journalist Helge Arild Bolstad skreiv kommentarar og portrettintervju. Han gjorde også vitsespalta "Plukkfisk" viden kjend.

Helge Arild Bolstad er fødd 22. januar 1946 på Dale i Vaksdal kommune i Hordaland. Han tok artium på engelsklina ved Bergen Katedralskole i 1966 og byrja på jusstudium ved Universitetet i Oslo utan å ta eksamen før han tok til som journalist.

- Han var ein unik  journalist og skribent, og vil alltid bli huska for sin gode penn, seier redaktørane Nils Torsvik og Øystein Hage i FiskeribladetFiskaren. Bolstad jobba i avisa til Fiskaren vart fusjonert med Fiskeribladet i 2008.

Les kommentaren om Stad skipstunnel her.

Læretida som journalist fekk han på Nynorsk Pressekontor frå 1970 under redaktør Aani Rysstad jr. Han arbeidde på kontoret ut 1974. I 1975 vart han tilsett som redaktør for den nyskipa avisa Setesdølen, men slutta før året var omme, og var så frå 1976 til 1985 redaktør i Dag og Tid.

- Han hadde ein unik penn, og rørte mange hjarte på Vestlandet då han skreiv "Ein liten 17.mai tale" til asylguten Natan, som Norge ville kaste ut, seier Hage.

Les diktet under.

Dei første åra styrte han avisa saman med Tor Gabrielsen, Bjarne Myrstad og Ketil Tandstad. Det var ein kreativ periode i avisa sitt liv. Frå 1980 var han eineredaktør. Han var den første i avisa si historie som var eineredaktør over lengre tid. Etter eit år som frilansjournalist arbeidde han så i 1986 i Bergens Arbeiderblad, deretter 21 år i avisa Fiskaren i Bergen, fram til 2008. Bolstad var ein språkmedviten nynorskjournalist.

I 2002 redigerte Bolstad boka Plukkfisk – norsk humor i fem akter, eit utval frå humorspalta «Plukkfisk» i Fiskaren.

Han var skuggeskrivar, «ghostwriter», for Osmund Faremo i boka Takk for livet, Emil, som kom ut i 1987, og har skrive dikt og songar tonesette og framførte av Vestlands-bandet Aftenlandet.

Fire songar er med på albumet Morgon i mai frå 1998.

Bolstad er òg representert i antologien Dikting frå Jølster, utgitt i 1995.

Diktet til Natan
Liten 17. maitale

Nathan (7) skal transpoterast ut or Bergen og Norge 16. mai. Vedtaket gjer det ikkje nett lett å vere 17.maitalar dette året.

For kva skal talaren snakka om?

Han/ho kan ikkje godt snakka om dagen som «alle barna sin festdag».

Talaren kan heller ikkje godt snakka om alle dei menneskerettar som framsynte fedre gav oss i ei grunnlov på Eidsvold, eller om Henrik Wergeland som kjempa for at eit utstøytt folk, jødane, skulle få tilgjenge til riket.

Han/ho kan ikkje lenger med same patos sitere Arnulf Øverland og maninga «Du skal ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer deg selv».

Bjørnson og Nansen sin innsats for andre folk og land i større naud enn vårt, kan heller ikkje vere tema den dagen ein sjuåring frå Bergen landar til ny naud i eit framant land for han.

Motstandskampen under krigen kan heller ikkje omsnakkast den dagen far til vesle Nathan kan forsvinne i natt og tåke i det landet han flykta frå i redsle for sitt liv.

Å snakke om den norske innsatsen i FN, vert også ein risikosport så lenge nokon kan finne på å spørje kvifor vi då bryt dei konvensjonar dette verdssamfunnet har vedteke.

Nei, det lyt bli bjørka i år; ein tale til bjørka.

Men denne deler me med svenskane,det er i Sverige "bjørkorna susar". Så det blir jo ein litt flau tale, det óg.

Men ikkje på langt nær så flaut som ein tale om norske verdiar.

Bols, 5.mai 2012