- Om eg var fiskeriminister for ein dag, ville eg vore ein fiskeriminister som stod på barrikadane og fortalte at matproduksjon i sjø er den mest berekraftige matproduksjon me driv med på den vestlege halvkula. Eg ville ropt det ut på Karl Johan den første dagen. Det var det første eg ville gjort, seier Søfteland.

Han meiner norske politikarar har undergrave norsk lakseproduksjon og ikkje sett seg på barrikadane for laksenæringa og ein matproduksjon der Noreg er verdsleiarar.

- Ingen andre oppdrettsartar er i nærleiken av den berekraftige norske laksenæringa.