Med over 700 delegatar på NASF-konferansen var det sist veke fullt køyr for å sjå til at alt gjekk som det skulle. Denne veka har vore litt rolegare for administrerande direktør Jørgen Lund i NASF.
- Eg har fått slappa litt meir av, gjort litt praktiske ting, vore litt på reise og fått gjort ting som har vore sett litt på vent. Samstundes dannar eg meg eit bilete av kva som har skjedd der eg er mykje i dialog med føredragshaldarar, sponsorar og andre for å få tilbakemeldingar medan dei er ferske.