Denne veka slapp Giskeødegård ei ny sektoroppdatering for laksenæringa, slik han har gjort i framkant av kvartalspresentasjonane til sjømatselskapa på Oslo Børs. Konklusjonen var klokkeklar. Ein ny supersykel for laksenæringa er i emning for dei neste to åra. Anbefalinga er å kjøpe alle sjømataksjane. Synet på sektoren har snudd i løpet av året.

- Me gjorde ei litt uventa snuing i januar i år, men eg synest det me forventa har spelt seg ut ganske greitt. Me var bekymra for kostnadane og meinte mange ville slite med å oppnå prisane som var lagt inn.