Måndag hadde Sissel Rogne sin første dag som ny direktør ved Havforskingsinstituttet (HI). Ho har hatt ei hektisk første veke, der mellom anna dei årlege Havforskingsdagane for dei tilsette er blitt gjennomført.
- Eg set stor pris på å få starte i jobben på denne måten og få møte morosame, entusiastiske og engasjerte medarbeidarar. Eg har gått med krøll på halen heile veka, seier Rogne med eit stort smil.
Referansane i språket hennar kan like gjerne gå til gris som til fisk.