I oktober 2008 slo finanskrisa for alvor inn over Island. Islandske bankar, som hadde ekspandert stort i utlandet, gjekk overende. Ein av personane i sentrum var den dåverande islandske finansministeren Árni Mathiesen.
- Det er ei litt blanda, men interessant kjensle i dag. Me veit at me gjorde feil i åra tidlegare, men det ville vore umogeleg å unngå alle effektane av den internasjonale bankkrisa. Men det er veldig bra å være sikker på at under krisa så gjorde me alt rett.