- For to år sidan sa eg til borna mine at dersom det skulle bli eit karriereskifte, så måtte det bli til laks, fortel Knut Ellekjær (55) til IntraFish.

Hans einaste jobberfaring med fisk, er at han var produksjonsdirektør for Staburrets makrell i tomat. Utanom det har det gått i mange slag ulike Orkla-produkt, kjeks, sjokolade, sennep og ketchup. Men no er skiftet gjort, frå eit stort norsk industrikonglomerat til det enda større japanske konglomeratet Mitsubishi som produserer alt frå stål til altså oppdrettslaks.