Selskapet er morselskapet til SMP Marine Produkter som driv fiskeforedling i Bøvågen i Nordhordland. Morselskapet eig 91,1 prosent av SMP, og har investering i eigedom og andre verksemder. Det meste av inntektene kjem frå fiskeforedlinga.

Konsernrekneskapen viser at inntektene auka med 11,3 prosent til 140,4 millionar kroner i fjor, men driftsresultatet vart altså på den negative sida. Finansinntekter på vel 3 millionar kroner gjorde at resultatet før skatt enda på -0,8 millionar kroner, ned frå 2,2 millionar kroner i 2014.

- Omsetnaden går opp som følgje av auka råvereprisar og valutasvingingar, opplyser styret i årsmeldinga.

Selskapet