Nesvik: Alle fargane blir brukt i trafikklys-fargelegginga

Under eit møte i Bergen Næringsråd tysdag slo Fiskeri- og sjømatminister Harald Tom Nesvik fast at det vil bli både grøne, gule og raude område i årets fargelegging av dei ulike produksjonsområda.

Fiskeriminister Harald Tom Nesvik røpa i eit møte i Bergen Næringsråd at alle fargane vert brukt i fargelegginga av produksjonsområda som kjem seinare i år.
Fiskeriminister Harald Tom Nesvik røpa i eit møte i Bergen Næringsråd at alle fargane vert brukt i fargelegginga av produksjonsområda som kjem seinare i år.Foto: Bent-Are Jensen

I starten av innlegget sa ministeren at han ikkje ville seie noko konkret om årets fargelegging, og viste til prosessane som er i gong. Kunngjeringa om kva farge dei ulike produksjonsområda får, kjem først i desember. Men i spørsmålsrunden etter innlegget, slo Nesvik fast at alle fargane blir brukt også i år.

- Alle tre fargane er kopla på, og alle tre fargane gjeld, sa ministeren til dei frammøtte mot slutten av møte.

På det opne møte som Bergen Næringsråda arrangerte var temaet trafikklysa og når ein få vite fargane. Nesvik snakka også om utfordringar og moglegheiter for havbruksnæringa.