Utover det som er i sagt i børsmeldinga, ønskjer ikkje konsernsjef Charles Høstlund i NRS å seie så mykje om saka no.

- Me vil klage på vedtaket og håpar på rask klagehandsaming. Me skal jobbe kjapt med klagen, seier han.

Selskapet har tidlegare opplyst at første triploide fisk frå partiet er planlagt satt ut seint i mai. Det betyr at selskapet har det travelt for å rekke det.

- Risikerer de å måtte destruere dette smoltpartiet?

- Første fisk er planlagt satt ut i mai.