Eg håpar mange las professor Marianne Elisabeth Lien sin kronikk, «Hva laksen lærer oss» i Dagens Næringsliv den 22.08. i år.

Professor Lien er sosialantropologen som har studert akvakulturnæringa. Heile studiet finn du i boka «Becoming salmon; Aquaculture and the Domestication of a Fish».

Professor Lien og forskarane rundt henne fekk finansiert eit fireårig forskingsprosjekt «Newcomers to the farm».

Spørsmålet deira var: «Korleis blir laks husdyr».

Med bakgrunn frå antropologi og teknologi gjennomførde dei vitskaplege studiar med fokus på forholdet mellom fisk, folk og teknologi.