Inntektene var i 2016 opp til knappe 13 millionar kroner, medan driftsresultatet var på 1,3 millionar kroner, viser selskapets årsrekneskap. Selskapet tilbyr veterinærtenester og kurs for havbruksnæringa, og har kontor i Hordaland og Rogaland.
- Selskapet har god tilgang på oppdrag. Selskapet hadde fleire interne FoU-aktivitetar i 2016, og støtta fleire kundar i deira FoU-prosjekt, skriv styret i årsmeldinga.
Fomas har 12 tilsette, og Åkerblå gjekk i fjor inn på eigarsida då dei kjøpte 34,3 prosent av selskapet. I årsmeldinga understrekar styret at det betyr at dei allereie i år kan tilby akkrediterte miljøtenester til næringa.