Shestakov er viseminister for jordbruk og leiar av det føderale byrået for fiskeri i Russland. I eit intervju med IntraFish under sjømatmessa i Brussel denne veka kom han med oppfordringa til norske bedrifter om å gå meir aktivt inn i Russland.
- Utviklinga av oppdrettsnæringa kunne skjedd raskare, og norske leverandørar ønskjer nok det. Noreg er leiande på akvakultur av laks og i produksjon av utstyr, men eg kan ikkje seie at samarbeidet har utvikla seg slik me ønskjer. Eg kunne ønskt meg at norske selskap og investorar er meir tilstade i Russland, både gjennom å produsere utstyr der og som investorar i russiske selskap, seier han.
Stål