Selskapet hadde inntekter på 182,1 millionar kroner i 2015 mot 175,2 millionar kroner i 2014. Driftsresultatet var ned til 27,8 millionar kroner frå 38,7 millionar kroner.
- Utfordringar knytt til lus har vore aukande i 2015 og har kravd mykje ressursar. Selskapet har hausta svært mange erfaringar på eksisterande og nye avlusingsmetodar. Satsinga på reinsefisk har vore god og har gitt gode resultat, opplyser selskapet i årsmeldinga.
Selskapet har to konsesjonar og driv i samdrift med Kvarøy Fiskeoppdrett som har fire laksekonsesjonar.