- Eg har ingen kommentar. Det er ein politisk prosess, svarar Shestakov når IntraFish spør han om kva tid handelsrestriksjonane mellom Noreg og Russland som mellom anna omfattar laks kan bli oppheva.

IntraFish møtte Shestakov etter ein pressekonferanse på den russiske paviljongen på sjømatmessa i Brussel onsdag. Då den norske regjeringa presenterte si nordområdesatsing i Bodø sist veke, karakteriserte utanriksminister Børge Brende møtet næringsminister Monica Mæland nyleg hadde i Russland som vellykka og at det var moglegheiter for auka samkvem på område som ikkje er omfatta av sanksjonane.