Det sa Ystmark under frukostseminaret i regi av PR-byrået Geelmuyden Kiese i Bergen tysdag. Han utdjupa synspunktet overfor IntraFish like etter møtet og sa at det er ei bevisstgjering som næringa må gjennom. Difor vil dette også bli eit tema på årsmøtet i starten av april.
- Rollefordelinga mellom Sjømat Norge og bedriftene vil bli diskutert. Bedriftene vil ha ei heilt anna rolle lokalt. Oppdrettsnæringa har vore oppteken av å produsere og løyse problema, og mindre opptatt av å setje av tid og ressursar til å vise og formidle til lokalsamfunna kva dei gjer.