Han har jobba 20 år i Skretting/Nutreco samanhengande. Forholdet hadde truleg vart like lenge som ekteskapet, Nesse feirar sølvbryllaup neste år, dersom det ikkje var for lakseberget som sette sitt preg på norsk oppdrettsnæring samstundes som Nesse var ferdig utdanna i 1991.
- Det gjorde at eg starta yrkeskarrieren min med fem år i stålbransjen, fortel Nesse.
Men det starta eigentleg litt tidlegare, nærmare bestemt for 30 år sidan denne sommaren. Nesse ville gjere unna førstegongstenesta før han starta å studere. Ein sommarjobb hos Skretting vart til eit år med jobb i 1986-87.