I årsmeldinga frå selskapet skriv styret at ettersom det i eit perspektiv på 2-4 år ikkje er utsikter til auke i den norske produksjonen av oppdrettslaks, er vidare vekst for Norwell avhengig av utvikling av nye marknader og kundar med høg betalingsvilje og ein auka base av samarbeidande produsentar som gjerne har eigarinteresser i selskapet.
- Vårt konsept byggjer på at me har oppdrettarar som er aksjonærar. Rundt 70 prosent av Norwell er eigd av oppdrettarar, resten av dei tilsette. Me har utvida basen av samarbeidande selskap dei siste åra, men er stadig på jakt etter nye leverandørar og ser gjerne at dei er med på eigarsida, seier dagleg leiar Ingrid Kassen i Norwell til IntraFish.
-