– Ein har trudd at det er meir miljøgifter i oppdrettslaks enn i villaks, men no viser det seg at det er feil. Det seier Anne-Katrine Lundebye, seniorforskar ved Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning, (NIFES) i ei pressemelding.

Lundebye har leia eit stort forskingsprosjekt der ein samanliknar norsk villaks med norsk oppdrettslaks, og forskarane har studert både skilnader i miljøgifter og i næringsstoff mellom dei to. Studien viser at oppdrettslaksen har lågare nivå av miljøgifter enn villaks. Dette gjeld mellom anna dioksin, PCB, bromerte flammehemmarar og dei fleste sprøytemiddel.